
TV-aksjonen 2025
Hannah Lunden og Lars Ivar Eilerås, begge rullestolbrukere, syklet 160 km fra Gjerstad til Kristiansand sammen med sine BPA-assistenter for å samle inn penger til TV-aksjonen 2025.
Vinteren – den kalde fine tida… Eller? Jodå, misforstå meg rett. Vinter, snø, raude kjakar, lysare dagar – det kan vere fint. Eg likar å stå på ski, og er glad i snøen så lenge den held seg på fjelltoppane og ikkje i gatene.
Mitt namn er Sofie Østerbø Jansen, eg er 25 år og bur i Sandnes i leiligheten min. Eg nytter rullator til å komme meg rundt ute med og har eigen bil som eg no køyrer sjølv. Alt på stell, hæ? Jo, ting er ganske bra, vertfall frå mars til oktober. Då er det bare vegar, varmare i været og lett å komme seg rundt.
Her i Rogaland er me ikkje bortskjemt med så mykje snø. Uheldigvis vil nok folk seie. Heldigvis, seier eg. På mine 3 ½ år eg har budd her, har det vore snø ein gong, bortsett frå no. No blei det jo skikkeleg vinter med snø som har lagt seg på bakken, brøytekantar og det som høyrer til. Det har vore litt varierande, nokon gongar frys det til is og det er jo ikkje gunstig for «mannen i gata» ein gong. Så det seie seg jo kanskje sjølv at då tviheld eg i rullatoren min og ser ut som bambi. Sjansespel? Ja, kanskje.
Eg er heldig å ha BPA som kan hjelpe meg i desse situasjonane. Ho fungerer litt som ei potet. Kan brukast til alt. Den eine dagen er det å støtte meg inn frå bilen (typ 3 meter) for å ikkje gå på trynet, den andre dagen måker ho snø av bilen min. Med BPA har det gjort at eg har fått ein friheit til å drive med det eg vil uansett vær, føre og eigen funksjon. Det har gjort at eg slepp å tenke «nei, det kan eg ikkje vere med på for det er for tungt å dra rullatoren gjennom snøen» eller «Eg kan ikkje reise til venninner fordi eg er gjennomsveitt etter å ha måka bilen sånn at det går an å køyre den».
Med BPA kan eg vere den eg er og gjere det eg vil året rundt, utan å tenke at dette går ikkje. Eg er og ein ressurs i samfunnet og med BPA får eg vist det på fleire områder.
Hannah Lunden og Lars Ivar Eilerås, begge rullestolbrukere, syklet 160 km fra Gjerstad til Kristiansand sammen med sine BPA-assistenter for å samle inn penger til TV-aksjonen 2025.
Altfor ofte snakker vi om personer med funksjonsnedsettelser som en gruppe med behov – ikke som mennesker med etterspurt kompetanse. Det er på høy tid at vi vrir samtalen. Ikke bare fordi
Med hjelp fra sine BPA-assistenter pusset Rune Hoftun, som er døvblind, opp en traktor fra 1961. Nå er han kåret til vinneren av «Årets frihetsøyeblikk 2025», en pris som hyller små og