Overgangen til voksenlivet – skummelt og spennande

Tekst: Sofie Østerbø Jansen

Kortid er ein eigentleg voksen? Det er eit definisjonsspørsmål og utruleg mange ulike svar. Nokon vil seie at det er når ein er konfirmert som det blei sagt frå gamalt av, andre vil seie at det er når ein flyttar ut og blir etablert. Eg tenker at det er veldig individuelt frå person til person.

No er eg ferdig med min 3 årige bachelorgrad i ergoterapi og har søkt jobb i over eit år, og det skal eg seie deg - at det har føltes som ein fulltidsjobb i seg sjølv. Det å heile tida vere oppdatert på kva jobbar som finnes, kva annonser ligg ute, kven er relevante for meg, korleis gjer eg at eg blir ein interessant søkar, korleis skrive den rette søknaden... Ja, rett og slett hundre spørsmål. Vidare så er det å vente på tilbakemelding og få mange svar som er «Takk for din søknad, stillingen er nå besatt av en annen søker». Eg har sendt over 80 søknader og minst 60 av dei har vore som dette. Og når du endeleg kjem igjennom nålauge, så er det intervju. Då kjem det hundre tankar i mitt hovud. Korleis skal eg framstå best mulig? Kva skal eg seie for å få fram at eg er interessert i denne stillingen? Kva tenker dei om at eg har ein synleg funksjonsnedsetting? Her er det fordommar som ligg i lufta både frå samfunnet, men oss som mennesker med  funksjonsnedsettelse har og våre fordommar.

Det å komme til eit intervju er kjempeskummelt, men og utrulig spennande. Mine viktigaste erfaringar derfrå er eigentleg berre å vere seg sjølv. Presenter deg, fortell kva du har gjort, kva dine interesser innanfor jobben er og kva du kan bidra med. Det er og viktig at du sjølv har gjort deg opp ein meining om du vil fortelle om funksjonsnedsettelsen din eller ikkje. Og kanskje endå viktigare - putt det inn der det er naturleg og ikkje start med det, fordi det er ikkje det dei spør om i annonsen. Så er det berre å vere tålmodig og vente på svar. No har du gjort ditt og det er ikkje meir du kan gjere, så no er det berre opp til arbeidsgivar å vurdere.

Da eg fekk tilbod om jobb, heldt eg på å dette av stolen. Det var så stort. Endeleg var det min tur til å få eit «ja» etter mange nei. Eg blei stolt og glad for å ha fått det til. Det var ein arbeidsgivar som synst at eg var mest interessent og passa best til jobben og det for den ergoterapeuten er var og ikkje for at eg har funksjonsnedsettelse, hjelpebehov, rullator eller BPA. Det var det beste for meg.

Det å begynne i ein ny jobb er alltid spennande og eg har vore heldig med min første arbeidsplass og mine kollegar. Dei har vore nysgjerrig på kven eg er og ikkje satt nokon grenser for kva eg kan gjere og ikkje. Eg har fått lov til å prøve på alt eg vil innanfor mitt yrke og arbeidsoppgåvene som følger med. Det har vore det beste med å få lov å vere her eg har fått jobb. Og det å sjå tittelen «ergoterapeut» i kontrakten min og på ID-kortet mitt, er jo veldig stort.

Til slutt vil eg seie lykke til med jobbsøking til alle som skal søke jobb. Det viktigaste er å tru på deg sjølv og at du får jobb etterkvart.