EM-debut!

Tekst: Sofie Østerbø Jansen

Den første veka i juni 2021 nådde eg mitt første store mål innanfor Framerunning og parafriidrett. Eg stod på startstreken i EM, Bydgoszcz i Polen saman med nokon av verdas beste Racerunnerar.

Bak ei sånn EM-deltaking ligger det masse arbeid. Planlegging, utallige timar med trening, nok mat og nok søvn. Trening på friidrettsbane, på styrkerom, ute, inne og i friidrettshallen. Trening åleine, med trenar, saman med venner, med BPA og kollegar. Det å trene for meg er friheit, ein friheit til å berre vere, sleppe å tenke og berre springe. Eg koplar av på ein heilt spesiell måte og nyter dei timane eg har med trening. Samtidig er det masse hardt arbeid, terping på steg, teknikk fart, frekvens, styrke, mobilitet og fokus. Det er og ein viktig del av det sosiale; ha eit samhald og ein tilhøyrigheit. Det å då kunne ha nokon til å hjelpe meg med det praktiske når det gjeld å hente utstyr, sette opp hekk eller starte meg, har gjort at eg kan bruke energien min på å fokusere på teknikk og utføring som gjer meg til ein bedre løpar. For og ikkje gløyme; knyte på piggsko, som forøvrig ikkje er det enklaste då den er veldig trang og vanskeleg å komme oppi. Då er eit ekstra par med hender gull verdt å ha.

Det å få mailen og telefonen om at eg var teken ut til EM var stort. Ja, skal eg vere heilt ærlig, så var det litt uverkeleg. Det er noko eg kunne tenkt meg å vere med på heilt sidan eg starta med Framerunning, men det er vel ikkje akkurat det første ein nemner når ein startar med noko nytt, er det vel? 4. juni i år, cirka to år etter eg starta, stod eg på startstreken i Polen og høyrde «In lane seven, representing Norway, Sofie Østerbø Jansen». Det var ganske sjukt, skal eg innrømme.

For min del blei EM ei positiv oppleving der eg fekk testa meg i internasjonal samanheng. Eg visste på førehand at eg var ein «underdog»i mitt heat, så nokon god plassering var ikkje oppnåeleg. Det er likevel eit løp eg er stolt av. Eg følgde planen min om å holde meg fokusert og spent, men samtidig ikkje la nervane ta overhand. Det kom og eit tips frå ein klok mann om at eg må nyte det. Tenk at «vesle» meg frå Norge skulle få delta i EM. Så det gjorde eg. Eg sprang og mitt nest beste løp nokon sinne, noko eg var godt fornøgd med. No, etter EM, kjenner eg på ein takknemlegheit og glede, at eg er audmjuk og stolt. Stolt av å få vere ein del av parafriidrettsfamilien, audmjuk til friidrettsforbundet som gav meg denne sjansen, og glede for å få lov til å vere med. Så kva skjer vidare no? Det spør eg og meg sjølv om. No er det berre å jobbe på vidare og ta dei muligheitene som kjem!

Miljøet for Framerunning i Norge er ikkje så veldig stort endå, men det veks heile tida. Dersom dette er noko du kunne tenke deg å drive, med håpar eg du tar kontakt!