Racerunning-utøver Sofie Østerbø Jansen

Mitt namn er Sofie Østerbø Jansen. Eg er 24 år, bur i ein leilegheit i Sandnes der eg går på høgskulen og studerer ergoterapi, lagar mat, trenar og er med venner. Eg høyres ut som ei heilt vanlig jente, gjer eg ikkje? Visst du ser meg sittande i sofaen vil du nok ikkje tru noko anna, men når eg begynner å ta fram ortosane og rullator, begynne ein å skjønne at det er noko meir. Eg er fødd med Cerebral Parese, ein diagnose som gjer at eg har nedsett balanse, motorikk, kraft og styrke.

Alle ungdommar har eit ynskje om å klare alt sjølv og det blir nærmast forventa av samfunnet rundt. Etterkvart såg eg ut at det ikkje fanst hjelpemiddel som kunne hjelpe meg med det eg trengte i kvardagen, og eg fekk til slutt innvilga BPA. Det var ein overgang, ikkje var eg åleine i leilegheita mi til ei kvar tid, nei, det var ein person der som var på jobb for å hjelpe meg. Å ta i mot hjelp? Er det så vanskeleg, tenker kanskje du? Då har du ikkje møtt meg! Sta og vil helst klare alt sjølv, men innser at det ikkje går. Det har blitt betre med tida, me lærte kvarandre å kjenne og eg ser at det er god hjelp å ha ein assistent.

November 2018 var eg på basistrening i regi av Olympiatoppen sørvest. Her møtte eg Sarah Louise Rung som lurte på om ikkje eg ville begynne med ein idrett, då ho såg potensiale i meg og at eg kunne bli god. Me tok ein prat og ho nemnte friidrett. Eg såg på ho og sa, trur du det går? Eg kan jo ikkje springe. Så blei eg introdusert for Racerunning, fekk låne ein løpesykkel og var bitt av basillen. Eg var med til Danmark nokon månadar seinare og deltok på min første internasjonale konkurranse. Det var då eg visste det! Eg skal til mesterskap.

Bilde av Sofie Østerbø Jansen som trener innendørs. Hun lener seg mot et apparat med fire hjul mens hun beveger seg over hindre.

August 2019 begynte eg å satse ordentleg, eg fekk min eigen sprinttrenar og hadde basistrenaren min på Olympiatoppen. Me begynte å trene hardare enn før. Start-trening frå blokk, fokus på høge kne og ein rett overkropp. Samtidig som det var basistreningar med fokus på beveglegheit, kjernemuskulatur, slyngetrening og tøying. Trenarane mine følgde meg opp og kom med tips, og konstruktive tilbakemeldingar. I bakgrunnen var assistenten min alltid beredt til å køyre bil, ta på piggsko og tøye stive musklar.

Det viktigaste for meg er at eg føler meg uavhengig av andre. Trenarane mine får vere trenar og eg har ein assistent som kan hjelpe meg med det praktiske sånn at eg er klar til trening. Utan assistent kunne eg aldri ha trena så mykje som eg gjer eller satsa mot måla mine som er å bli tatt ut til mesterskap.

Bilde av Sofie Østerbø Jansen som trener innendørs. Hun lener seg mot armen mens føttene ligger samlet i en svart slynge som svever over bakken.